Måndag 16. august byrjar nytt skuleår, og om lag 1350 elevar er på plass i klasseromma i Sogndalsskulen. Etter eitt og eit halvt år med variasjon i drifta vår, vil det nye skuleåret starta på grønt nivå i trafikklysmodellen.

Det er viktig at born og unge får vera mest mogleg på skulen, og så lenge det ikkje er mykje smitte vil ein halda seg på grønt nivå. Dette betyr at skulekvardagen skal vera tilnærma normal, og det er ikkje behov for organisering i kohortar. Det vil likevel framleis vera nokre smitteverntiltak som skal følgjast.

  • Ingen sjuke skal møta på skulen, sjølv med milde symptom.
  • Det er viktig å halda avstand der det er mogleg.
  • Normalt reinhald og god handhygiene.

Sagatun skule
Måndag 16. august klokka 08.30

Fjortun oppvekstsenter
Måndag 16. august klokka 08.30

Leikanger ungdomsskule
Måndag 16. august klokka 09.00

Leikanger barneskule
Måndag 16. august klokka 09.00

Norane oppvekstsenter
Måndag 16. august klokka 08.30

Trudvang skule
2.– 5. klasse måndag 16. august klokka 08.55
1.klassingar klokka 09.30

Fjærland oppvekstsenter
Måndag 16. august klokka 08.20

Kvåle skule
Måndag 16. august klokka 08.55

Kaupanger skule
Måndag 16. august klokka kl. 09.00