Matpengar

Matpengar for SFO kjem i tillegg til gjeldande betalingssetsar for ettermiddagplass, ferieplass og heil plass.

Moderasjonsordningar

Det vert gjeve søskenmoderasjon ut frå gjeldande satsar; 30% moderasjon for 2 barn og 50% for 3 eller fleire.

Redusert foreldrebetaling

For familiar med låg inntekt vert det gjeve redusert foreldrebetaling i SFO. Betalinga vert til 50% av vanleg sats, dette gjeld også kjøp av enkeltdagar og enkeltveker. Kommunestyret vedtek årleg grensa for samla skattbar inntekt for å få redusert betaling. 

Du må søkje på nytt ved kvart skuleår og leggje ved siste skattemelding. Vedtak gjeld frå månaden etter at søknaden med dokumentasjon er motteken. Søknad skal sendast inn elektronisk ved at du loggar deg inn i Visma Flyt Skule via ID-porten:  

Søknad om redusert foreldrebetaling SFO

Prisar og tilbod 2020-21

Tilbod

Kode

Pris. pr. mnd.

Heilplass inkl. ferie (alle morgonar, ettermiddagar og feriedagar/inneklemde fridagar)

SFO01

2875

Heilplass eks. ferie (alle morgonar og alle ettermiddagar)

SFO02

2720

To faste ettermiddagar pr. veke eks. ferie (fastsette dagar som SFO tilbyr)

SFO03

1025

Ettermiddagsplass eks. ferie (alle ettermiddagar)

SFO04

1850

Morgonplass eks. ferie (alle morgonar)

SFO05

1025

Ferieplass

SFO06

770 pr. veke
310 pr. dag